Ledige stillinger

Me søker etter barnearbeidar i 30% stilling i Bryne Frikyrkje frå 01.08.2021

Bryne frikyrkje vart etablert i 1984. Frikyrkja si lære bygger på Guds ord (Bibelen) og den evangelisk lutherske kyrkje si bekjennelse. Me er eit fellesskap med menneske frå fleire ulike nasjonar.

Barnearbeidet er delt inn i to grupper: Fiskedammen (4 år -2.klasse) og Gjengen (3. – 7.klasse). Draumen våer at barna vil bli betre kjent med Jesus, med bibelen og med kvarandre, og læra om kva trua har å seia for dei i kvardagen.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Leia barnearbeidet i menigheten. Det inneberer søndagsskole for barn frå 4 – 12 år.
  • Følgje opp og organisera frivillige
  • Administrative oppgåver
  • Leia og gjennomføra trusopplæring.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Engasjement for at barn skal læra om og bli kjent med Jesus
  • Evne til å sjå kvart enkelt barn og fellesskapet.
  • Gode evner til formidling og kommunikasjon i møte med barn og unge.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
  • Evne til å leia, organisera og inspirera frivillige medarbeidarar.
  • Meistre norsk muntleg og skriftleg.
  • Evne til samarbeid med menneske frå ulike kulturar.
  • Politiattest må framvisast ved ansettelse.

Me tilbyr:

  • Løn og arbeidsvilkår i tråd med Den evangelisk Lutherske Frikyrkje
  • Fleksibel arbeidstid
  • Eit menighetsfellesskap

Arbeidsstad:

Bryne frikyrkje, Ole Tjøttas veg 1,4340 Bryne

 

Kontaktinfo:

Pastor Lívia C. de Souza Hodne  Tlf : 93690506

Søknad med CV sendes til: livia@brynefrikyrkje.no

Søknadsfrist: 1. april 2021

Powered by Cornerstone