Bibelstudieopplegg – Johannes Åpenbaring kap. 1-7
Forslag til fast struktur kvar gong, med tidsramme ca 60 min for denne studiedelen. (Elles kjem tid til mat, delerunde, bønn):
- Les teksten høgt i gruppa
- Bruk litt tid kvar til å tenke stille over kva ord, bilete og handling i teksten seier deg.
- Del med kvarandre det som teksten seier deg
- Ta opp spørsmåla knytta til teksten der det er naturleg i samtalen
Materiell: Bibelen. Bruk gjerne og ein bibelkommentar, studiebibelen etc.
Spørsmål til kvart gruppemøte:
- Johs Op 1.1-9: Tema for boka: Sjå, Han kjem
Sp1: Kva inntrykk får du her av situasjonen til forfattaren, Johannes? (v1+v2+v9)
Sp2: Kva bilete av Gud får du gjennom helsinga i v4-6 og profetien i v7-8? Samtal om kor leis dette samsvarer med gudsbiletet i menighetar og samfunnet i dag.
Sp3: Ein reknar v7 som temaet for heile boka. (Johannes openbaring) Samtal om kva plass Jesu gjenkomst har i di tru og i Guds menighet i dag. Kva betyr det for deg at tida er nær? (v3)
- Johs Op 1.9-20: Møtet med Jesus
Sp1: Johannes møter her Jesus. Samtal om korleis Johannes kunne ha opplevd denne openbaringa. (v1+v11)
Sp2: Kva konkret bilete av Jesus er det han får? Samtal om kva dei enkelte skildringane skal seie oss om Jesus. (v 12-16) Korleis utfordrar dette våre tankar om Jesus?
Sp3: Jesus presenterer seg med ord for Johannes i v17b-18. Kva betyr desse orda for deg?
- Johs Op 2.1-11: Breva til Efesos og Smyrna
Sp1: Samtal om Jesu forhold ein lokalmenighet ut frå v1. (Sjå og 1.11+1.20)
Sp2: Samtal om den todelte bodskapen til Efesos-menigheten. (v2-6) Korleis skal vi møte desse orda som enkeltpersonar og fellesskap?
Sp3: Kva slag menighet er Smyrna? (v9-10) Samtal om korleis vi kan «høyre kva Anden til menighetane» (v7+11) i Efesos og Smyrna, sjølv om mykje kan vere ulikt vår situasjon.
- Johs Op 2.12-29: Breva til Pergamon og Tyatira
Sp1: Samtal om den todelte bodskapen til Pergamon-menigheten (v13-16) og Tyatira-menigheten(v19-20) Kva for tilsvarande utfordringar ser du dag i menighetar i Norge?
Sp2: Sjå på samanhengen mellom bodskapa og korleis Jesus presenterer seg for desse to menighetane? (v12+18)
Sp3: Alle breva her i kap 2 viser ein menighet i kamp. Kva lovnader om siger er gitt til desse menighetane? (v7+11+17+26-28)
- Johs Op 3.1-13: Breva til Sardes og Filadelfia
Sp1: Brevet til Sardes (og til Tyatira)omtalar menighetar i fare for frafall, men med eit mindretall som held fast på trua. (2.24f+3.4) Samtal ut frå situasjonen i Norge i dag om dei utfordringane eit slikt mindretall står overfor.
Sp2: Korleis er Filadelfia-menigheten ein «modell-menighet» for oss?
Sp3: Del om mulig erfaringar frå livet der Gud har opna stengde dører. (v7-8)
- Johs Op 3.14-22: Brevet til Laodikea
Sp1: Prøv å konkretisere kva som er galt med Laodikea-menigheten og Laodikea-kristne. Tenk så gjennom kvar for seg kva du må gjere med denne bodskapen frå Jesus.
Sp2: Del kva det betyr for deg at Jesus står for døra og bankar.
Sp3: Tenk gjennom den samla bodskapen dei 7 sendebreva har til deg personleg og til Guds menighet i Norge i dag.
- Johs Op 4.1-11: Visjonen av Guds trone
Sp1: Etter at Johannes har møtt Jesus og fått bodskapen til menighetane, får han sjå Guds trone i ein visjon.(kap4+5) Samtal om kva funksjon dette har som førebuing på synet av «det som heretter skal hende» (v1)
Sp2: Prøv å få fram kva bilete Johannes får av Guds himmel i kap4. Kva seier dette om Gud?
Sp3: To lovsangar er gjengitte her i kap4.(v8+v11) Samtal om kva denne lovprisinga i himmelen har å seie oss. Avslutt gjerne med å synge saman ein sang som har utgangspumkt i ein av desse versa.
- Johs Op 5.1-14: Visjonen av Lammet
Sp1: Samtal om kva den forsegla bokrullen skal bety, (5.1 og 6.1) og om det at «Lammet» aleine er verdig til å opne den. (5,5)
Sp2: Kva bilete av Jesus møter vi her? Korleis kan dette biletet av Jesus hjelpe oss i Norge i dag i møte med vantru og med andre religionar?
Sp3: Tre lovsangar til Lammet (v9, 12,13)møter vi her i himmelen. Kva seier desse om Jesus og om hans folk? Avslutt gjerne med å synge einsang medutgangspunkt i ein av desse versa.
- Johs Op 6.1-17: Framtidasboka –dei sju segla
Sp1: Kva framtidsvisjon er det dei 5 første segla viser? Les og frå endetidstalen hos Jesus i Matt 24.6-9. Korleis skal vi da forstå desse 5 segla?
Sp2: Mange spør: «Korleis kan ein allmektig Gud tillate så mykje vondt i verda?» Samtal om kva orda om det femte seglet har å seie til dette. (v9-12)
Sp3: Kva kan det sjette seglet sikte til. Samanlikn med Jesu ord i Matt24.29-31 og i Op1.7. Samtal om kva tankar og kjensler orda om Jesu komme skapar i deg. Sml Luk 21.25-28
- Johs Op 7.1-17: Guds folk på jorda og i himmelen
Sp1: Mens visjonen i Op6 fører oss fram til like før Jesu gjenkomst, så går ikkje Op7 vidare i dette, men viser to visjonar av Guds folk fram mot Jesu gjenkomst. Samtal om kven den første flokken kan vere?(v4-8) Kva skjer med denne flokken her, og kva er føremålet?
Sp2: Kven er en store kvite flokken? (v9+14) Kva seier dette oss om livet etter døden for Guds folk? Del gjerne noko frå denne teksten som har vore til spesiell hjelp for deg.
Sp3: Mange kristne i Norge kan verke oppgitte over utviklinga og pessimistiske med omsyn på framtida for Guds folk. Samtal om kva desse to visjonane i Op7 har å seie inn i ein slik situasjon.