Bibelstudieopplegg – Apostelgjerningene kap. 13-28
Forslag til fast struktur kvar gong, med tidsramme ca 45 min for denne studiedelen. (Elles kjem tid til mat, delerunde, bønn):
- Les teksten høgt i gruppa
- Bruk litt tid kvar til å tenke stille over kva ord, bilete og handling i teksten seier deg.
- Del med kvarandre det som teksten seier deg
- Ta opp spørsmåla knytta til teksten der det er naturleg i samtalen
Materiell: Bibelen. Bruk gjerne og ein bibelkommentar, studiebibelen etc.
Inndeling og spørsmål til kvar gong:
- Apgj 13.1-12: Utsending
Sp 1: Kva inntrykk gir v1-3 om kva eit menighetsfellesskap er?
Sp 2: Kva betyr det å vere utsende av Den Heilage Ande?
Sp 3: Kva tenker du om misjonsmetodane som blei brukte på Kypros?
- Apgj 13.13-52: Misjonsforkynning i synagogen
Sp 1: Korleis innleier Paulus presentasjonen av Jesus til desse som kjente GT, men ikkje Jesus? (v16-25)Kan vi lære noko av dette i møte med menneske i dag?
Sp 2: Kva er sentralt i presentasjonen av Jesus og frelsa? (v26-39) Er det slik vi presenterer Jesus?
Sp 3: Evangeliet splitta tilhørarane i to grupper. Kva i evangeliet er anstøyt og tiltrekkingspunkt i dag?
- Apgj 14.1-20: Forfølging og forkynning til heidningar
Sp 1: Folket i byen delte seg, pga evangeliet. (v4) Korleis kan evangeliet bli hovedtema i våre byar?
Sp 2: Kva rolle synest teikn og under å ha i Paulus’ misjonsteneste? Kva seier dette oss?
Sp 3: Korleis forkynner Paulus til heidningar? Samanlikn med talen i synagogen. (Apgj13)
- Apgj 14.21-15.4: Fellesskap i Herren
Sp1 : Paulus møtte forfølging både i Antiokia (Apgj13.50), Ikonium (14.5) og Lystra(14.19). Kva kan vi lære av deira haldning til forfølging?(v22)
Sp 2: Kva kan vi lære av korleis dei nye menighetane kunne fungere om Paulus &co reiste vidare?
Sp3: Paulus fortel både i Antiokia i Syria og i Jerusalem om misjonsreisa på den tyrkiske høgsletta og får god respons. Tenk etter kva det som skjer i andre menighetar i verda betyr for oss.
- Apgj 15.5-35: Splid og samling i menigheten
Sp 1: Forholdet til omskjeringa og Moselova var eit stridsspørsmål i urkyrkja. Korleis gjekk dei fram for å takle problemet, og kva kan vi lære av det? (v2, v7, v22, v30)
Sp 2 : «Det er ved Herren Jesu nåde vi blir frelste, vi liksom dei» (v11), vitnar Peter. Korleis kan ting i våre liv og menighetar dekke til bodskapen om «nåden aleine» ?
Sp 3: « Den Heilage Ande og vi har vedteke», (v28) skriv apostlane og Jerusalem-menigheten til menighetane. Korleis var dette ei avgjerd av Anden , og korleis kan Anden i dag gi oss avgjerder som skaper fred og framgang i menigheten?
- Apgj 15.36-16.10: Kom over og hjelp oss!
Sp 1: Paulus og Barnabas kom i strid. Kva var årsaken, og korleis kan tilsvarande forskjellar skape strid i dag?
Sp 2: Den unge gresk-jødiske Timoteus blei vald til medarbeidar. Kva kan vi lære av Paulus i val av medarbeidarar?
Sp 3: Paulus hadde gode strategiske planar for misjonsarbeidet i Tyrkia. (Følg reisa på kartet) Men kom til Europa. Kva lærer dette oss om Guds leiing i liv og teneste?
- Apgj 16.11-24: Evangeliet til Europa
Sp 1: To kvinner, Lydia og slavekvinna får her møte evangeliet. Samtal om vegen til frelse frå svært ulike bakgrunnar.
Sp 2: Evangelieforkynning og åndsutdriving er begge sentrale her i starten av misjonen i Europa. Kva tankar gjer du deg om det?
Sp 3: Paulus blei leia av eit syn til Fillippi (v9f), men blei fengsla, piska og kasta i fengsel. Kva lærer dette oss om Guds leiing?
- Apgj 16.25-40: Lovsang i mørket
Sp 1: Samtal ut frå v25 om kva som er drivkrafta i lovsang og bønn?
Sp 2: Kven er ein potensiell kristen? Samanlikn Lydia, slavekvinna og fangevaktaren?
Sp 3: Kva lærer vi av Paulus’ haldning til styresmaktene i v22f og v37f?
- Apgj 17.1-15 Evangeliet skaper motstand og tru
Sp 1: Samtal om krafta i evangeliet i Tessaloniki og Berøa (v. 2-4+11-12+1.Tess1.5-6) og om korleis vi kan oppleve tilsvarande i dag.
Sp 2: Kva ulike grupper viste motstand mot evangeliet? (v5-8+13) Korleis er det i dag?
Sp 3: Les korleis Paulus omtalar arbeidet i Tessaloniki 1.Tess2.1-13, som Paulus skreiv kort tid etter frå Aten. Kva tankar gir det deg om evangelisering og menighetsvekst.
- Apgj 17.16-34 Forkynne til heidningar
Sp 1: Kva er forskjellen på forkynninga på torget i Aten og i synagogen i Tessaloniki ? (Apgj17.1-2) Kva kan vi lære av dette i dag?
Sp 2: Fleire tolker Apgj 17 som at Paulus i Aten er i religionsdialog, mens han elles proklamerte evangeliet. Drøft denne påstanden ut frå teksten.
Sp 3: Kva var det folk særleg gjorde narr av i forkynninga i Aten? (v 32 og 18) Korleis er det i Norge i dag?
- Apgj 18. 1-22 Evangeliet til Korint
Sp 1: Korleis går Paulus konkret fram for å nå menneske i storbyen Korint med evangeliet? Kva kan vi i dag lære av dette?
Sp 2: Ekteparet Akvilas og Priskilla blir sentrale i misjonsarbeidet i Korint(v2-3) og seinare og Efesos (v18+26). Samtal ut frå dette om kva ein kristen heim kan bety for menighet og misjon.
Sp 3: I ein vanskeleg situasjon får Paulus ein bodskap frå Herren. (v9-10) Del eigne erfaringar av Guds trøyst midt i motgang.
- Apgj 18.23-19.10 Evangeliet til Efesos
Sp 1: Kva seies her om Apollos’ bakgrunn(v24-25)? Korleis møter Akvilas og Priskilla han(v26), og kva kan vi lære av deira haldning?
Sp 2: Korleis opplever dei 12 læresveinane i Efesos å få Anden? Korleis utfordrer denne hendinga deg?
Sp 3: Kva framgangsmåte brukar Paulus for å nå storbyen Efesos med evangeliet? Korleis kan vi gå fram for å oppnå at «alle fekk høyre Herrens ord»?
- Apgj 19.11-40 Mirakel og forfølging i Efesos
Sp 1: Samtal ut frå v 11-20 kva funksjon teikn og under i Jesu namn hadde for menighetsveksten i Efesos. Kva reaksjon vil tilsvarande under føre til i Norge i dag?
Sp 2: Kva var årsaken til forfølginga mot kristne i Efesos? Samtal om korleis kristne i dag kan oppleve press, men og nøkterne haldningar- frå næringsliv, folkehop og styresmakter.
Sp 3: Midt i vekkinga i Efesos planlegg Paulus å reise vidare. (v21) Samtal om forholdet mellom det å tene trufast over tid (v 10) og det å gå vidare til noko nytt arbeid i Guds rike.
- Apgj 20.1-16 Oppfølging av menighetane (Følg reisa på kartet)
Sp 1: Paulus oppmuntrar (set mot i) menigheten i Efesos (v1), menighetane i Makedonia (v2) og menigheten i Troas (v7f). Samtal om kva ei slik haldning betyr i menighetar.
Sp 2: Ein spesiell gudsteneste er omtala i v 7-10. Kva tankar gir det deg om å feire gudsteneste?
Sp 3: På vegen frå Hellas (Korint) til Jerusalem, via Makedonia og Tyrkias vestkyst følger mange medarbeidarar Paulus. (v4-5) Kven er dei ,og kva føremål kan det ha å ha ei så stor gruppe med seg?
- Apgj 20.17-38 Avskjedstalen i Efesos
Sp 1: Samtal om korleis Paulus med sine haldningar til tenesten og menigheten er eit eksempel for oss.
Sp 2. Kva åtvaringar kjem Paulus med til leiarane i menighetane i Efesos-området? Drøft korleis dette kan vere aktuelt for oss i dag.
Sp 3: Paulus drar til Jerusalem, sjølv om han er klar over kva som ventar der. (v22-23) Samtal om kva dette lærer oss om Guds leiing.
- Apgj 21.1-40 Fengsla i Jerusalem
Sp 1: Kva inntrykk gir denne teksten av det kristne fellesskapet? (I Milet v1, i Tyrus v4-5, i Ptolemais v7, i Cæsarea v8, i Jerusalem v16-17. Følg dette på kartet))
Sp 2: Kva inntrykk gir denne teksten av dei åndelege gavene i menighetane? (v4, v9, v10ff)
Sp 3: Paulus har blit åtvara mange gonger (v4, v11, v12) om det som kan skje i Jerusalem. Likevel drar han dit og blir nesten drepen av folkemengda. Kva er det som driv Paulus til Jerusalem og til å gå openlyst rundt i byen?
- Apgj 22.1-23 Forsvarstalen til folket
Sp 1: Korleis talar Paulus for at den jødiske folkemengda skal lytte? (v1-5) Kva kan vi lære av dette i møte med menneske som er utanfor kristen tru?
Sp 2: Kva seier Paulus om si omvending?(v6-16) La gjerne ein eller to i gruppa dele kort om si omvending til tru på Jesus.
Sp 3: Kva er det som skapar ein så enorm aggresjon mot Paulus? (v17-23) Er der noko i den kristne bodskapen som i Norge i dag skapar sterk aggresjon hos mange?
- Apgj 22.24-23.35 Samansverginga mot Paulus
Sp 1: Kva ulike haldningar viser styresmaktene mot Paulus? (22.24-29) Samtal ut frå dette om korleis eit ugudeleg maktapparat likevel kan brukast av Gud.
Sp 2: Prøv å tenke korleis Paulus har det, omgitt av romerske soldatar og jødiske anklagarane (23.1-11) Korleis møter Herren Paulus i denne situasjonen?
Sp 3: Kva aktørar er med og gjer at Paulus ikkje blir drepen i samansverginga? Kva fortel dette om Guds handling gjennom menneske?
- Apgj 24.1-24.27 Saka mot Paulus
Sp 1: Samanlikn måten advokaten til øvstepresten (Tertullus) og Paulus tiltaler guvernør Feliks. Kva betyr det å vise styresmaktene ære? (Rom13.7)
Sp 2: Korleis er Paulus eit vitne sjølv som fange og anklaga? Kva kan vi lære av dette om å ta med det sentrale i trua ut i kvardagen?
Sp 3: Kva haldningar viser guvernøren Feliks til kristentrua? Samtal ut frå dette om kva som kan vere spesielle hindringar til tru for mektige og rike.
- Apgj 25.1-26.11 Appellen til keisaren og starten av forsvarstalen for kong Agrippa 2 , dronning Berenike og guvernør Festus.
Sp 1: Kva haldningar til Paulus møter vi hos dei ulike autoritetspersonane som opptrer i kap 25? Kva parallellar ser vi i dag når det gjeld autoritetars syn på kristne?
Sp 2: Korleis får Paulus kongen og følget til å lytte til det han fortel om sitt liv, og kva kan vi lære av dette for vår vitneteneste?
Sp 3: samtal om kva bilete teikner Paulus av sitt liv før han blei kristen.
- Apgj 26.12-32 Talen for kong Agrippa 2 , dronning Berenike og guvernør Festus.
Sp 1: Paulus her møtet med Jesus på vegen til Damaskus, om lag 27 år etter det skjedde. Del noko om kva det betyr for deg i dag at Jesus har gripe inn i livet ditt.
Sp 2: Samtal om kva er det i Paulus vitnemål som talar sterkast til deg.
Sp 3: Paulus utfordrer kongen og guvernøren til tru med eit klart vitnemål om Jesus. Samtal om erfaringar med å dele trua med andre menneske.
- Apgj 27 Båtreisa (Følg reisa på kartet)
Sp 1: Samanlikn stemningen om bord i båten (v20) etter fleire dagar med storm med Paulus haldning. (v 21-26) Kva lærer dette oss om åndeleg leiarskap midt i kriser?
Sp 2: I møte med farer ser vi ulike reaksjonar hos offiser(v11), sjømenn(v30), soldatar(v42), samanlikna med hos Paulus (v33-36). Kva kan vi lære av dette for våre møter med kriser i livet?
Sp 3: Tenk deg at du er ein sjømann eller soldat om bord. Kva innverknad har Paulus sine ord og handlingar hatt for sitt syn på Gud? Og kva lærer vi av dette om å leve tydeleg som kristen i alle slag situasjonar i livet.
- Apgj 28 Til Roma (Følg reisa på kartet)
Sp 1: Kva teikn og under blir gjort ved Paulus på Malta, og kva er reaksjonane hos folk? Korleis reagerer folk i dag på teikn og under i Jesu namn?
Sp 2: Prøv å forklare reaksjonen hos Paulus da han treff kristne frå Roma? (v15)
Sp 3: Kva er det fangen Paulus er opptatt med når han kjem til verdsbyen Roma? (v16-17, v23-24, v30-31) Samtal om balansen mellom å leve som menneske på Guds jord og det å leve for Guds rike.